Bomselskap for nye tunnelar over fjellet

.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland kallar nå inn til stiftingmøte for Odda Vegfinans AS den 29. november. Selskapet skal bidra til vidare planlegging og etter kvart utbygging av nye tunnelar frå Seljestad og via Røldal til Ulevå.

Hordaland FK har aksjemajoritet i selskapet og har peika ut Elisabeth Eide Tharaldsen som styreleiar. På eigarsida i tillegg til Hordaland FK er det 12 kommunar, 5 frå Hordaland, 4 frå Telemark og 3 frå Rogaland: Odda, Ullensvang, Jondal, Kvinnherad, Etne, Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord, Haugesund, Tysvær,Vindafjord.