Vil ha ny veg gjennom Telemark

.

Statens vegvesen anbefaler no at ny trasé av E134 mellom Gvammen og Vågsli går i ein ny, innkorta korridor nord for dagens E134.

Børge Skårdal i E134 Haukelivegen AS er glad for at ein satsar på ny veg gjennom Telemark, men presiserer samtidig at førsteprioritet er ein vintersikker veg over fjellet.

- Gjennom denne analysen har me fått stadfesta og styrka eit av elementa frå aust-vestutgreiinga: Ny veg gjennom Telemark er både ekstremt lønnsam og gir ein vesentleg miljøeffekt gjennom innkorting, færre høgdemeter og jamnare kurvatur. Førsteprioritet nå er uansett vintersikker veg over fjellet. Me må i gang med bygginga tidlegare enn skissert i plangrunnlaget frå Vegvesenet, meiner Børge Skårdal.

Statens vegvesen slår fast at endringa vil gjere vegen 35 km kortare, og vil korte ned reisetida med meir enn 50 minutt. Det blir også anbefalt at ein rustar opp viktige riksvegar og fylkesvegar i prosjektområdet for å unngå negative verknadar for tettstadar langs traseen.

Last ned rapporten her.