Haukelivegen på Arendalsuka

.

E134 Haukelivegen har stand på Arendalsuka. Her kan du diskutere utviklinga for E134 med både dagleg leiar og styrleiar i E134 Haukelivegen.

På Arendalsuka kan du treffe dagleg leiar Børge Skårdal og styreleiar Roald Aga Haug på stand nummer 194.

Arendalsuka blir rekna som Norges største politiske møteplass.

Arendalsuka skal vere ein årleg nasjonal arena der aktørar innanfor politikk, samfunns- og næringsliv møter kvarandre og folk, for debatt og utforming av politikk for nåtid og framtid.

Arendalsuka er partipolitisk uavhengig, og har som mål å styrke trua på politikk og politisk debatt. Arendalsuka vil på denne måten bidra til å styrke kraften i vårt levande demokrati. Les meir her: https://www.arendalsuka.no/om-arendalsuka