Brei støtte til Haukeli-tunell

.

Alle partia, forutan MDG, i Telemark støttar rask oppstart av tunell-løysing over Haukelifjell.
Vest-Telemark Blad utfordra toppkanidatane i Telemark på kva dei meinte art den beste tunell-løysinga over Haukeli. Dei spurte kanidatane om når ein bør starte tunell-arbeidet, og om ein ynskte ein lang eller tre korte tunellar. Børge Skårdal i E134 Haukelivegen er godt nøgd med at det er så brei politisk støtte til rask oppstart av arbeidet.
 
- Seljestad–Røldal må inn fyrste del av Nasjonal transportplan, dvs 2023. Eg er oppatt av vintersikker
veg over fjellet og meiner derfor at lang tunnel er løysinga, seier Solveig Sundbø Abrahamsen (H) til VTB.
 
Også Ådne Naper (SV) støttar oppstart av tunellarbeidet i første del av NTP (2018 - 2022).
 
- Telemark SV vil ha éin lang tunell. Framdrifta bør skje i løpet av perioden 2018–2027. For Telemark blir det viktig å få arbeidet i første del av Nasjonal transportplan, dvs 2018–2022, meiner han.
 
- Vi bør starte opp så raskt som mogleg. Difor er det semje om å gjennomføre dette i fyrste del av NTP-perioden (2018-2024). Frp ønsker at heile E134 bør inn i Nye Veier sin portefølje så raskt som mogleg for å kunne sikre endå raskare framdrift. Samtidig som vi er positive til å bruke statleg plan. Eg ønsker å jobbe for lang tunell. Det er veldig viktig å få ei løysing på plass så raskt som mogleg, seier Bård Hoksrud (Frp).
 
Eli Taugbøl (V) meiner ein først må få på plass Seljestad - Røldal, før ein startar på den lange tunellen.
 
- Seljestad-Røldal i første NTP- periode, med andre ord seinast i 2023. Når denne står ferdig må ein umiddelbart starte på strekninga over fjellet, ein lang tunell, slår ho fast.
 
 
- Arbeiderpartiet synest det var bra at Stortinget til slutt samla seg om å opne for forskottering av bompengar for å kome raskere i gang enn det som opphaveleg låg i NTP frå regjeringa. Ap stør også dei lokalpolitiske vedtaka om førehandseller parallellinnkreving for å framskunde prosjektet. Ap har sett av 4,4 mrd kr som ikkje er fordelt på prosjekt, men som skal brukast til framskunding av utsette strekningar. Eg vil naturlegvis kjempe hardt for at denne strekninga bør få noko av desse midlane om me vinn valet, gjerne for å koma endå raskare i gang. Ap har ved behandlinga av NTP våren 2017 lagt til grunn regjeringas tunnelkonsept, seier Lene Vågslid (Ap).
 
Også Geir Jørgen Bekkevold (KrF) støttar rast oppstart på tunellen mellom Seljestad og Røldal i første NTP-periode. Han får og med seg Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) på det.
 
- Seljestad–Røldal må starte nå! Telemark Sp ynskjer sterkt heilårsveg med 100 prosent regularitet. Så løysinga om det vert 1 eller 3 tunellar må vere i tråd med dette, meiner ho.
 
Berre Mona Nicolaysen (MDG) er skeptisk til utbygginga. Ho meiner ein ikkje bør gå inn for utbygging av vegar som har som formål å auke kapasiteten eller redusere reisetida, med unntak av regionale vegar i distrikta.