10.000 tonn mindre co2 pr år med nye tunnelar

.

Eit miljødokument laga av Haukelivegen AS viser at utbygging av E134 med nye tunnelar Seljestad - Røldal - Haukeli vil medføre ein reduksjon av CO2 - utslepp frå biltrafikken på E134 med omlag 10.000 tonn årleg.
E134 er ein del av stamvegnettet i Norge, og den klart mest trafikkerte av aust - vest sambandet. Analyser i samband med stamvegutbetringane til NTP slår fast at dagens E134 over Haukeli er ein meget viktig samferdsleåre aust - vest.
Prosjektet går ut på å bygge ny vegtrase mellom Seljestad i Oddadalen og Ulevåvatn på Haukelifjell. I dette inngår to nye tunnelar.

Les miljødkumentet her