Vil både ha vedlikehald og investering

.


- I mars skal me leggje fram ein ny nasjonal transportplan for de neste 10 åra – og sjølv om de veit at eg ikkje kan seie så mykje om innhaldet her i dag, kan eg love at me skal følgje opp satsinga i statsbudsjettet med eit ytterlegare løft på samferdsleområdet i nord, sør, aust og vest, sa statssekretær i samferdsledepartementet Erik Lahnstein under den politiske konferansen om Nasjonal Transportplan.

Vidare la han vekt på at det no vil vere behov både for vedlikehald og ytterlegare investering. 

 - Me veit at det gjennom fleire tiår har vorte brukt for lite pengar både på investeringar og på vedlikehald. Difor er store deler av infrastrukturen nedsliten og lite oppdatert. Dette vedlikehaldsetterslepet kan me ikkje oversjå lenger. Nokon lyt ta ansvar, og det vil me ta. Transportetatane har i sitt forslag til NTP 2010-2019 føreslått ei vriding mot meir vedlikehald, og ei sterk auke av drifts- og vedlikehaldsinnsatsen vil nok bli ståande, også i endeleg NTP, uttalte han og la til:

- Når det er sagt, vil me også sjølvsagt ha størst mogleg rammer til investeringar. Det er stort behov for både strekningsvise investeringar og mindre tiltak. Me ønskjer ikkje berre å vedlikehalde landet, men òg å byggje det – og skal me få til det, må det meir pengar til. Me kan ikkje leve med at Noreg, som er på topp i det meste, har dårlegare infrastruktur enn nabolanda våre. Me har for mange alvorlege ulukker – om me aldri så mykje er blant dei i verda med best statistikk på området. Me har for mange flaskehalsar som forseinkar unødig både på veg og jernbane, me har for stor ras- og ulukkesfare, det tek for langt tid å kome seg gjennom eller forbi byane våre, og det er for liten kapasitet for transport av gods på bane. Slik kunne eg halde på.

Les heile innlegget her.