Steen ny styreleiar i Haukelivegen AS

.

Ordførar i Haugesund, Petter Steen, tek nå over som styreleiar i Haukelivegen AS etter Arne Storhaug, som har leia arbeidet i 5 år.

 

Arne Vinje, ordførar i Vinje, blei vald til nestleiar. Lars Bjaadal, fylkesvaraordførar i Telemark, blei attvald til styret med Magnus Straume som vararepresentant. Det same gjeld Jostein Soland (Stavanger) med May Britt Vihovde (Haugesund) som vara.


AS Haukelivegen hadde generalforsamling på Vågslid hotell 18. juni med svært god deltaking. Etter å ha fått gjennomslag for mange viktige saker både i Nasjonal Transportplan og elles, er stemninga optimistisk i forhold til å stå på vidare for meir investeringsmidlar til E134 og RV36. Styret fekk ros og applaus for den innsatsen som er lagt ned og resultata som kjem nå og Arne Storhaug blei takka for den innsatsen han har lagt ned i selskapet.

Som eit apropos: Delegatar frå begge sider av fjellet møtte lysregulering på grunn av vegarbeid på vegen opp.
 
I tillegg til formelle saker, fekk forsamlinga svært gode og konkrete oppdateringar på framdrift og anna for dei 3 milliard-prosjekta på E134 (Kongsberg, Århus-Gvammen, Røldal-Haukelifjell), for dei mellomstore prosjekta (Stordalstunnelen i Etne og Tveitstrond i Vinje) og for mange mindre tiltak . Orienteringane blei gitt av Trude Holter, distriktsvegsjef øvre Telemark, Inge Alsaker frå strategistaben region Vest og Ingar Vaskinn frå Kongsberg kommune.
Det frammøtte var svært godt nøgde med det dei fekk høyre og den gode og offensive framdrifta som blei skissert frå Vegvesenet si side.

(Foto: Wikipedia)