Prinsippvedtak om delvis bompengefinansiering av Stordalen

.

I NTP 2010-2019 er det sett av 100 mill kr av statlege midlar til å bygge Stordalstunnelen. Føresetnaden er bompengefinansiering av resten av dei kalkulerte kostnadane - 150 mill kr. Fylkesutvalet i Hordaland har nå gjort prinsippvedtak og ber Statens Vegvesen arbeide vidare med saka fram mot eit grunnlag for eit konkret bompengevedtak og proposisjon til Stortinget.

Vegvesenet arbeider også med avklaring av andre planbehov for prosjektet. Spesielt må ein komme fram til godkjend reguleringsplan, sidan den forrige av formelle grunnar var forelda. Det er nå god framdrift i arbeidet med prosjektet, som vil løyse ein del av problema langs Stordalsvatnet.