Gir betre vegar mindre utslepp?

.

Transportøkonomisk institutt (TØI) har kome med ein ny rapport på oppdrag frå Vegdirektoratet. Problemstillinga er enkel: Gir betre vegar mindre klimagassutslepp? (TØI-rapport 1027/2009).

Hovudkonklusjonen frå TØI er at betre vegar totalt sett gir meir utslepp! Grunnen til dette er knytt til høgare fart, lengre turar, fleire turar og meir kjøring med privatbil i staden for kollektivtransport, sykling e.l.

MEN:

Det er noen viktige unntak frå hovudkonklusjonen og desse er svært interessante for oss:

Eliminering av høgdemeter/stigning kan gje stor utsleppsreduksjon, spesielt for store bilar.

Fergeavløysingsprosjekta Rogfast og Hordfast gir etter TØI sine berekningar reduserte utslepp.

Dette burde styrke fleire av dei prosjekta vi har prioritert, ikkje minst nye tunnelar over Røldal/Haukelifjell og fergefri E39 frå Stavanger til Bergen.

Det blir spennande å sjå framover om desse funna dreier vegpolitikken i vår retning eller om rapporten i hovudsak blir brukt som argument for å redusere satsinga på god infrastruktur anten kollektivtransport er eit alternativ eller ikkje.

Du kan laste ned TØI-rapporten HER.