Etablering av bompengeselskap for å finansiere nye tunnelar

.

 I styremøte i AS Haukelivegen 28. januar 2010 vart det gjort vedtak om å ta initiativ til å opprette eit bompengeselskap for å finansiere planlegging og bygging av nye tunnelar ved Røldal/Haukelifjell.

 

I NTP 2010-2019 er delvis bompengefinansiering tatt inn som eit vilkår for å fremje prosjektet for realisering. Statens Vegvesen har gjennomført mulighetsstudie med positiv konklusjon. Berørte partar, mellom dei Hordaland FK og Odda kommune, har prinsipielt slutta seg til bruk av bompenger. Det ligg føre godkjende kommunedelplanar for prosjektet og neste steg i plansamanhang er utarbeiding av reguleringsplanar.

 
Den aktuelle problemstillingen er nå at det ikkje er løyvd pengar for inneverande år til denne planlegginga. Av omsyn til framdrift er det viktig at arbeidet kjem i gang i 2010. Vår strategi er derfor å etablere eit selskap som kan gjere låneopptak for å forskottere vidare planarbeid. Dette har vi skrive brev til Hordaland FK og Odda kommune om. Vi har også kontakta andre kommunar og regionråd om saka.

 

Vi prøver også å få finansiert første del av reguleringsplan-arbeidet gjennom revidert statsbudsjett (5 mill kr) for 2010. Eit bompengeselskap må uansett etablerast for å realisere prosjektet. Det er laga eit ark med nøkkeldata om prosjektet som du finn HER.