Stordalsparsellen. Meir og betre veg for pengane!

.

På ope møte i Etne kulturhus 27. april la Vegvesenet fram nye skisseplanar for å løyse utfordringane i øvste del av Stordalen. Den økonomiske ramma på 250 mill kr ligg fast, men gjennom å gjere tunnelen slakare og ein del andre tilpasningar får vi dobbelt så mykje ny veg for pengane, til dels betre standard og betre lokal løysing for nærtrafikken og avkjøring til Skånevik.

Vegvesenet skal ha ros for at dei tar opp saka i full breidde ut frå nye standardkrav og for å få mest mulig for pengane. Det blei då også mykje ros på møtet, som hadde godt frammøte både av politikarar, naboar til prosjektet og andre interesserte. Oppmodinga til Vegvesenet er å sørge for å bygge så snart som råd, slik at vegen blir tryggare å kjøre. Det står framleis att delar av Stordalen, og det ideelle hadde sjølvsagt vore å ta alt samtidig, men slik er ikkje finansieringa ordna. Det synest som Vegvesenet, Etne kommune og AS Haukelivegen har same strategi: Bygg mest mulig ny veg raskast mulig for dei pengane som er sett av og så må det til eit politisk arbeid for å realisere resten så snart som råd.