Etablering av bompengeselskap for å finansiere nye tunnelar

.

 I styremøte i AS Haukelivegen 28. januar 2010 vart det gjort vedtak om å ta initiativ til å opprette eit bompengeselskap for å finansiere planlegging og bygging av nye tunnelar ved Røldal/Haukelifjell.

 

I NTP 2010-2019 er delvis bompengefinansiering tatt inn som eit vilkår for å fremje prosjektet for realisering. Statens Vegvesen har gjennomført mulighetsstudie med positiv konklusjon. Berørte partar, mellom dei Hordaland FK og Odda kommune, har prinsipielt slutta seg til bruk av bompenger. Det ligg føre godkjende kommunedelplanar for prosjektet og neste steg i plansamanhang er utarbeiding av reguleringsplanar.

 
Den aktuelle problemstillingen er nå at det ikkje er løyvd pengar for inneverande år til denne planlegginga. Av omsyn til framdrift er det viktig at arbeidet kjem i gang i 2010. Vår strategi er derfor å etablere eit selskap som kan gjere låneopptak for å forskottere vidare planarbeid. Dette har vi skrive brev til Hordaland FK og Odda kommune om. Vi har også kontakta andre kommunar og regionråd om saka.

 

Vi prøver også å få finansiert første del av reguleringsplan-arbeidet gjennom revidert statsbudsjett (5 mill kr) for 2010. Eit bompengeselskap må uansett etablerast for å realisere prosjektet. Det er laga eit ark med nøkkeldata om prosjektet som du finn HER.

La oss bygge ny veg over fjellet og ikkje drive med omkamp!

.

 Når vi nå med basis i NTP har mulighet for å kome vidare og få bygd nye tunnelar ved Røldal/Haukelifjell, er det avgjerande at vi ikkje vinglar i strategivalet.

Det avgjerande nå er å kome i gang med reguleringsplanarbeidet, sidan godkjende reg.planar er eit vilkår for vidare framdrift.

Det er ein del nå som arbeider for omkamp om heile dette prosjektet, ikkje bare ein lenger Haukelitunnel, men også passering av Røldal og traséval for Røldalstunnelen. Dette arbeidet fremjar ikkje arbeidet for standardheving og ein vintersikker veg over fjellet. Skulle vi velge strategien til dei som nokså misvisande kallar seg Haukeliveiens Venner, vil vi bli sett mange år tilbake i arbeidet.

Du kan lese ei kort drøfting av saka HER. Nøkkeldata for prosjektet finn du HER.

 

 

Gir betre vegar mindre utslepp?

.

Transportøkonomisk institutt (TØI) har kome med ein ny rapport på oppdrag frå Vegdirektoratet. Problemstillinga er enkel: Gir betre vegar mindre klimagassutslepp? (TØI-rapport 1027/2009).

Hovudkonklusjonen frå TØI er at betre vegar totalt sett gir meir utslepp! Grunnen til dette er knytt til høgare fart, lengre turar, fleire turar og meir kjøring med privatbil i staden for kollektivtransport, sykling e.l.

MEN:

Det er noen viktige unntak frå hovudkonklusjonen og desse er svært interessante for oss:

Eliminering av høgdemeter/stigning kan gje stor utsleppsreduksjon, spesielt for store bilar.

Fergeavløysingsprosjekta Rogfast og Hordfast gir etter TØI sine berekningar reduserte utslepp.

Dette burde styrke fleire av dei prosjekta vi har prioritert, ikkje minst nye tunnelar over Røldal/Haukelifjell og fergefri E39 frå Stavanger til Bergen.

Det blir spennande å sjå framover om desse funna dreier vegpolitikken i vår retning eller om rapporten i hovudsak blir brukt som argument for å redusere satsinga på god infrastruktur anten kollektivtransport er eit alternativ eller ikkje.

Du kan laste ned TØI-rapporten HER.