Engler i snøen

.

Europavei 134 over Haukeli er fjellovergangen som stenger sist og opnar først, skriv VG Helg.

Det er onsdag og uværet står i kø ved Langfjella - Norges kanskje hardaste fjellovergang. I løpet av det siste døgnet har tre lastebilar slidd av vegen i Røldal og ein brøytebil har køyrt seg fast. I tillegg har ein taxi frå Bremnes med ein rullestolbrukar om bord havna i snøfonna skriv VG i den fire sider lange stemningsrapporten frå fjellovergangen.

Dei har møtt brøytemannskapet. Mannskapet som går på skift, ei veke på og ei veke av. Tolv timar vakt og tolv timar fri. Mannskapet på 17 menn som i reportasjen vert omtala som "engler i snøen".

Frå dei fire meter lange brøytestikkene blir utplassert langs ein gang på hausten til dei første dagane i mai er alle trafikantar avhengig av denne gjengen. Dei fleste av dei er tilsette i Mesta, står det vidare.

Reisemønster

.

“Kvar ein er og kvar ein skal” ...

er sjølvsagt mest avgjerande i høve til val av reiserute mellom aust og vest. Undersøkingar av reisemønster over fjellet viser at aust-vest sambanda dels dekkjer ulike geografiske område.For mange aust-vestreiser er difor reiserute nokså gitt. I forhold til val av samband, er reiselengder, reisetid og kostnader først og fremst relevant i “overlappingsområde” som Bergenshalvøya, Hardanger, området rundt Oslo og Stavanger. På dei reiserelasjonane ein har reelle val, vil trafikken spegle folk og transportørar sine vurderingar omkring dei fem fjellovergangane. Vurderingsfaktorar kan her gjerne vere reiselengder, reisetid (funksjon av standard, stigning, skilta fart, ferjetidstap mv.), komfort, naturopplevingar og vintertilhøve.

                                   

Reisemønsteret over Haukeli i vintersesongen.
E134 - frå Oslo og sørover , og Bergen og sørover... I aust samlast dei seks sambanda i Oslo. Det sentrale Austlandsområdet er dermed eit stort og viktig felles dekningsområde. Dess lenger sørover utgangspunktet eller målpunktet er, dess meir vil E134 og E39/E18 vere hovudalternativa. Tilsvarande dess lenger nord for Oslo vil dei andre vere mest aktuelle. I vest har E134 Haukelivegen sitt hovuddekningsområde på Haugalandet, i Sunnhordland, Ryfylke og Indre Hardanger. I tillegg har ein meir overlappande dekning i Stavanger/Nord-Jæren (med E39/E18) og i Bergensområdet (med dei andre). I aust er det særleg Telemark, Oslo, Setesdal,Vestfold og Nedre Buskerud som utgjer hovudområda for aust-vest trafikken på E134.

 

 

Mellom aust og vest...

.

Ikkje berre “eitt av mange” alternativ...

Utvikling av Haukelivegsystemet handlar berre i mindre grad om sambandet Bergen-Oslo...
Diskusjonen om aust-vest samband har pågått lenge på begge sider av fjellet. I hovudsak har denne diskusjonen handla om kva som er kortaste og beste veg mellom Oslo og Bergen. Trafikken mellom desse folkerike endepunkta er viktig nok, og Haukelivegen er her eit godt vegalternativ med enda større potensiale framover.Det er likevel særs avgjerande at utvikling og satsing på transportsystemet ikkje må reduserast til eit spørsmål om sambandet Bergen-Oslo. Grunnane til dette er at:

• Haukelivegen er og vil vere det viktigaste og einaste aust-vest-sambandet for store deler av områda sør for Hardangervidda, heilt uavhengig av trafikken

til/frå Bergensregionen.

• Einsidig fokus på endepunkta vil ta merksemda vekk frå at satsing på Haukelivegsystemet er viktig for regionbygging, arbeidsplassar og busetting i distrikta langs vegen.