Finansiering nye tunnelar Røldal/Haukelifjell

.

HØYRINGSUTTALE - DELVIS BOMPENGEFINANSIERING AV UTBYGGING AV E134 HAUKELI- SELJESTAD - MULIGHETSSTUDIE

 

Som den siste høyringsinstansen i saka har Fylkesutvalet i Hordaland gjort fylgjande vedtak:

VEDTAK

1. Fylkesutvalet går inn for at arbeidet med delvis bompengefinansiering av utbygging av E134 Haukeli - Seljestad held fram.

2. Fylkesutvalet går inn for at det vert nytta parallellinnkrevjing og etterskotsinnkrevjing.

3. Som eit alternativ vil fylkesutvalet be om at prosjektet også vert vurdert som eit OPS prosjekt

 

Alle høyringsinstansar har med dette gjort tilråding til Vegvesenet om at dette arbeidet bør halde fram.

Statens Vegvesen vil då sende saka til Samferdselsdepartementet saman med høyringsuttalene og ei sluttvurdering av saka.

 

Neste fase i planprosessen er nå utarbeiding av reguleringsplanar. Etter det Vegvesenet opplyser, vil dette arbeidet ta til tidleg i 2010.

 

Gang- og sykkelveg Etne

.

 

 

 

 

 

 

 

 

Etne kommune har prioritert arbeidet med å få fram planar for gang- og sykkelveg for strekka Etne sentrum – Håfoss/Vae og etter kontakt med Statens vegvesen vart det akseptert at Etne kommune startar reguleringsplanarbeid for prosjektet.

Bygging av gang-/sykkelveg langs E134 frå Etne sentrum til Håfoss/Vae er eit høgt prioritert trafikksikringsprosjekt som kjem mange innbyggarar til gode. Lengda er om lag 5 km.

Prosjektet er med i Statens Vegvesen sin handlingsplan knytt til NTP 2010-2019, men i siste del av perioden, og er kalkulert til om lag 20 mill.kr.

Planane går ut på å legge gang-/sykkelvegen om lag 3 m frå E134 – etter at denne er opprusta og utvida til stamvegstandard. Det er i reguleringsføresegnene opna for mindre justeringar av gang-/sykkelvegen for å redusere ulemper.

Planen er nå lagt ut til høyring.

Ny oversiktsbrosjyre

.

Det er nå laget en ny oversiktsbrosjyre med  nøkkelinformasjon om alle prosjekt på E134 og endel viktige, tilgrensende prosjekt.

Spesiell vekt er lagt på nye tunneler Røldal/Haukelifjell og på den overordnede betydningen av transportkorridoren.

 

Brosjyren blir liggende under meny-fanen UTBYGGINGSPROSJEKT-E134. Du kan også laste ned brosjyren HER.