Vil unngå kolonnekøyring med lang tunnel

.

Ein 25 km lang tunnel frå Liamyrane i Røldal til Vågslid i Vinje vil sikre trafikken uansett vær og føre på fjellet.

– Det er viktig, fordi konsekvensane med kolonnekøyring og vinterstengt veg blir større når trafikken blir fleirdobla med ein nasjonal hovudveg mellom aust og vest, seier Børge Skårdal i Haukelivegen As, til NRK

Skårdal reagerer også på Vegvesenet sitt forslag med tre tunnelar på den same strekninga mellom Vågslid og Røldal, noko han og mange andre meiner 8 kilometer med open fjellveg framleis vil føre til stengt veg og snøkaos.

– Vegvesenet har sagt at ein må rekne med kolonnekøyring og stengt veg med det forslaget dei har lagt fram, seier Skårdal til NRK.

 

Haukelivegen bind saman

.

Statens vegvesen meiner at full utbygging av E134 inkludert arm til Bergen kan gje ei samfunnsøkonomisk nettonytte på 26 mrd kroner.

Dette kjem fram i utredninga om sambandet mellom Austlandet og Vestlandet frå 2015. Kvifor vente med ei så god investering?

I den nye brosjyren vår kan du lese meir om kva me meiner er viktig å prioritere for å sikre ein moderne og vintersikker fjellovergang.

Vil ha ny veg gjennom Telemark

.

Statens vegvesen anbefaler no at ny trasé av E134 mellom Gvammen og Vågsli går i ein ny, innkorta korridor nord for dagens E134.

Børge Skårdal i E134 Haukelivegen AS er glad for at ein satsar på ny veg gjennom Telemark, men presiserer samtidig at førsteprioritet er ein vintersikker veg over fjellet.

- Gjennom denne analysen har me fått stadfesta og styrka eit av elementa frå aust-vestutgreiinga: Ny veg gjennom Telemark er både ekstremt lønnsam og gir ein vesentleg miljøeffekt gjennom innkorting, færre høgdemeter og jamnare kurvatur. Førsteprioritet nå er uansett vintersikker veg over fjellet. Me må i gang med bygginga tidlegare enn skissert i plangrunnlaget frå Vegvesenet, meiner Børge Skårdal.

Statens vegvesen slår fast at endringa vil gjere vegen 35 km kortare, og vil korte ned reisetida med meir enn 50 minutt. Det blir også anbefalt at ein rustar opp viktige riksvegar og fylkesvegar i prosjektområdet for å unngå negative verknadar for tettstadar langs traseen.

Last ned rapporten her.